Allereie i 2008 starta samarbeidet om Cross Border Training (CBT), eller øving på tvers av landegrenser. Sidan har det utvikla seg til å bli ein nærast optimal treningsform for dei tre landa, og i byrjinga av mars trena dei tre nasjonane saman dagleg i to veker. Det var ein milepæl i CBT-historia.
- Vi flyr store scenario med opptil 30 jagarfly. Vi deler rollene slik at nokre er fiendar medan andre forsvarar områda. Samstundes deler vi på å lage ulike scenario og planleggje det som skal skje i lufta, fortel major Trond Ertsgaard ved planstaben i 132. luftving.
Større øvingar
- I 2013 er det planlagt ei større øving basert på CBT, der vi òg planlegg å invitere andre land for å delta, fortel Ertsgaard. Øvinga vil gje dei andre nasjonane høve til å deployere til enten Bodø, Kallax eller Rovaniemi og operere derifrå, og luftrommet mellom landa vil vere ope. Samstundes vil vi arrangere felles planleggingsmøter og debrifinger via videokonferanse.
Optimal trening
Dette samarbeidet er fundert i NORDEFCO, Nordic Defence Cooperation, som er ein avtale mellom dei nordiske landa for å betre forsvaret både på bakken og i luftrommet.
– Vi får trene med og mot andre flytypar i til dels store scenario. Denne typen trening måtte vi ha reist til utlandet for å gjere. No gjer vi dette frå vår eigen base og slepp dei store kostnadane ved å reise ut med personell og materiell, seier brigader ved 132. luftving Per- Egil Rygg
– Dessutan har vi store område å trene i både på norsk og svensk side. Nord-Sverige har store område der det ikkje bur folk og tilgjenge til eit stort skytefelt, noko som er optimalt for denne typen samtrening. CBT har berre positive sider ved seg og er særs rimeleg å få til, forklarer han.
Større merksemd
Det nordiske samarbeidet får meir og meir merksemd og aksept i både Sverige og Finland, fortel representantane frå landa. Men også leiinga i NORDEFCO ser på Cross Border Training som ei positiv utvikling og vil bruke det dei nordiske luftforsvara har fått til som mal for samtrening for dei andre forsvarsgreinene.
– Dette er veldig viktig for oss. Vi får trena mykje mot andre flytypar, og dessutan gjev dette samarbeidet mykje, spesielt til dei yngre pilotane våre, seier oberstløytnant Juha Salminen som er skvadronsjef i Rovaniemi.
– Vi er veldig godt nøgde med dette samarbeidet. Det er veldig kosteffektivt og vi får trene innanfor arbeidstidene våre, fortel skvadronssjef for 212-skvadronen i Luleå, oberstløytnant Carl- Fredrik Edstrøm.